Heseblesande jungelbonanza Karakter: 5

Uncharted: Golden Abyss

Heseblesande jungelbonanza

Av MrSeljestad 26.06.2013 19:13
God historie, Ser flott ut, Køyrer fint, eit av dei betre store spela på Vita
Dårlege tekniske løysingar

Ein av dei mest kjente eksklusive spelseriane til Sony er Uncharted. Dette visste dei og å dra nytte av ved lanseringa av PlayStation Vita, med lanseringstittelen Uncharted: Golden Abyss. Som det fyrste handhalte spelet i serien hadde Golden Abyss eit stort ansvar hengande over seg. Sjølv om utviklaransvaret vart lagt over på studioet Bend i staden for oppfinnarane i Naughty Dog vil eg påstå at dei utførte oppgåva ganske bra.

Som i dei tidlegare spela inntek ein rolla som Nathan Drake, ein eventyrlysten arkeolog og skattejeger på jakt etter gamle skattar. Historia i spelet føregår før det fyrste spelet på PS3 (Drake?s fortune) i Panama på jakt etter «den gyldne avgrunnen». Drake er innkalla av ein tidlegare samarbeidspartner, Jason Dante, for å sette lys på nokre artefaktar Dante har funne i den Panamanske jungelen.  Som sagt så gjort. Drake finn fort ut at det er snakk om spor etter ei tidlegare kristen sekt kalla Sete Cidades, som jakta etter sju byar av gull.

 Drake hoppar over elv

Som vanleg i Uncharted-serien skal ein og ha med seg ein kvinneleg figur på eventyret. Denne gongen er det snakk om ei ung kvinne kalla Marisa Chase, som er barnebornet til arkeologen Vincent Perez. Perez hadde i lengre tid vore på jakt etter ein forsvunnen by av gull, men hadde vorte sjuk, og leigde inn Dante til å ta ansvaret for ekspedisjonen. Men, Dante er berre med for pengane si skuld, og overlot difor mykje av ansvaret på den noko psykotiske krigsherren Roberto Guerro, spelet sin hovudfiende. Når Drake finn ut av dette vert samarbeidet mellom han sjølv og Dante fort kutta. Frå dette punktet i spelet vert det sterk konkurranse mellom Drake, Dante og Guerro, noko som fører til ei dramatisk ferd gjennom jungelen.

Som vanleg er for dei fyrste titlane på ein ny konsoll følte nok og utviklarane bak Golden Abyss (SCE Bend Studio) eit ansvar for å vise fram alle eigenskapane til Vita. Nokre av vala dei har tatt fører til ei betre innleving i spelet, men endå oftare fører dette til scener som følest unødvendige og påtvungne. Det er til dømes vanleg at ein på veg over smale ting stoppar opp på midten for å gjenvinne balansen, noko ein gjer ved å vippe konsollen frå side til side. Dette både ser og følest rart ut, og eg sit enno med spørsmål om kvifor Drake nesten kvar gong misser ballansen på midten av trestokkar og plankar, og må veive fram og tilbake med armane eit bestemt antal gonger før han klarar å gå vidare. Andre stader har dei derimot gjort gode val, som å stryke over skjermen for å lage kolstiftkopiar av inskripsjonar, noko eg personleg likte særs godt.

 Drake ballanserer på trestokk

Spelet følest godt samansett, og minispela dukkar ofte opp på stader som gir gode og passande pausar mellom kampar og klattring. Sjølv om minispela vert repetert gjennom spelet kjem ikkje den same typen spel for ofte. I tillegg har ein og valfrie sideoppdrag gjennom spelet, som fotografering av diverse motiv og leiting etter små artefaktar som er gøymt rundt i spelverda. Det er ikkje alltid like lett å få dei med seg, og det skapar difor ein trong til utforsking som eg synest passar særs bra.

Når historia er på sitt beste, og dei tekniske løysingane ikkje overskuggar er Uncharted: Golden Abyss eit verkeleg bra spel. Til å vere eit handhaldt spel følest det for det meste stort og flott, i tillegg til at det ser nydeleg ut. Mange stader følte eg difor at eg sat framfor eit av dei andre Uncharted-spela i storformat, sjølv om skjermen er liten. Eg håpar difor på å sjå meir Uncharted på Vita, kanskje neste gong med Naughty Dog ved roret, dei har tross alt prøva og feila litt med tekniske løysingar i Uncharted før (til dømes brukte dei Sixaxis mykje meir i Drake?s fortune enn i dei seinare spela).

Alt i alt hadde eg ei flott oppleving, og eg ynskjer difor å anbefale deg som har ein Vita å spele gjennom dette spelet, men ikkje forvent deg like store opplevingar som i storebrørne på PS3.


PS. Om du er Playstation Pluss abonnent kan du gratis laste ned Uncharted: Golden Abyss frå PS Store, noko du sjølvsagt burde gjere.

3 kommentarer

Klikk her for å hente kommentarene

Uncharted: Golden Abyss

Uncharted: Golden Abyss
Testet format: Playstation Vita
Format: Playstation Vita
Omtalt: 26.06.2013
Karakter: 5


Spill-informasjon


Utvikler: Sony Bend
Utgiver: Sony
Utgivelsesdato: 22. februar 2012
Aldersgrense: 16+

Les mer om Uncharted: Golden Abyss

Relaterte tags

Siste redaksjonelle anmeldelser

  • Syberia 3 Men er det for sent?
  • Pokkén Tournament DX Pokkén Tournament DX legger ikke til nok nytt til å klare å akseptere denne porten.
  • Miitopia Et miiddelmådig eventyr, på sitt beste.
  • NBA 2K18 Hvor langt er det akseptabelt å gå for å tjene noen kroner ekstra?