Dette er ikkje godt nok Opeth!
0

Dette er ikkje godt nok Opeth!

jul 23 Spill.no  
Det kan skje nokon gangar, der ditt favoritt band skuffar
Det kan skje nokon gangar, der ditt favoritt band skuffar.
Mange vil ikkje innrømme det og nokon vil kanskje fornekte det når det skjer, men nokon gangar vil eit band du likar veldig godt skuffe deg med sin nyaste utgivelse. Dette var tilfellet for meg med Opeth’s “Pale Communion”, deira 11. album. Opeth for meg har vore eit band som ikkje kunne gjere noko gale, men med ein gang eg høyrte igjennom sangane på albumet, så kjente eg meg veldig lite tilfreds. Kva har skjedd her?
“Heritage”, Opeth’s førre album splitta fanskaren deiras i to. Det var mange som ikkje likte den meir 70 talls-prog-rock vegen dei valte å ta, men det var også ein del som likte at dei prøvde noko så nytt. Eg var ein av dei som likte “Heritage”, fordi det var spesielt, minneverdig og hadde ein “skandinavisk” kjensle i lyden. Mikael Åkerfeldt, som er front-personen og vokalisten i Opeth, sa i eit intervju at deiras nyaste tok til seg litt av kritikken av “Heritage” som ba om meir melodi og meir minneverdige gitar-riffs. Etter å ha høyrt igjennom albumet, så skjønnar eg ærleg talt ikkje kva han snakkar om. Dei skifta sin sound med “Heritage” på grunn av at Mikael blei inspirert og har fortsatt med det på “Pale Communion”. Kvifor verkar “Pale Communion” ut som det mest uinspirerte Opeth albumet til nå då? 
Vi startar albumet med “Eternal Rains Will Come”, og den startar lovande. Instrumentalen er ganske kul og når det rolege augneblinket startar, så får vi ein veldig sterk Opeth kjensle. “Eternal Rains Will Come” er eit av albumets sterkaste og kan til tider vere veldig behagelig og vakker å høyre på. Men når ein begynner å samanlikne med andre tidlegare rolege Opeth sangar, så er det mange ein kan velje over denne som er langt meir underholdande og har same stemning. Dette er ein av dei få gangane ein verkeleg kjennar at dette er faktisk Opeth, berre ikkje like klassisk. 
“Cusp of Eternity” er ein av sangane som har vore utgitt som singel før lansering av albumet. Denne sangen er den mest underholdande av dei alle fordi den har energi, men den målar seg ikkje med nokon av sangane frå “Heritage”. Det er her Mikael visar mest til sin fantastiske stemme. Men denne sangen er ikkje noko Opeth har allereie gjort langt betre før. 
Så har vi “Moon Above, Sun Below”. Dette er albumets lengste sang, med nesten 11 minuttar. Dei to første minuttane er dørgande kjedeleg og direkte stygt å høyre på, men så avtar det og blir betre. Resten av sangen drar sterke inflytelsar frå “Heritage” og “Damnation”, men kjedsomheten fortsetter utover heile sangen. Er ikkje verdt ein lytt.
“Elysian Woes” er også ein kombinasjon av “Heritage” og “Damnation”, men igjen, så har Opeth gjort langt betre. Den er ikkje minneverdig og går i glemmeboka med ein gang sangen er ferdig. Sangen som kommer etterpå heiter “Goblin” og d-… Vent? “Goblin”?! Seriøst. Alle sangtitlane til “Pale Communion” høres ut som eit soundtrack til eit “Elder Scrolls”-spel! Uansett, denne sangen har det mest interessante gitarspelet hittil i albumet. Men den tar aldri nok av til å bli interessant. Eigentleg så gjelder dette alle sangane. Opeth pleiar ofte å ta det heilt ut og gå heilt amok i sine sangar, og det skapte dei mest intense og kule augneblinka i sangane. “Goblin” høres ærleg talt ut ventemusikk.
“Voice of Treason” er eit av albumets betre sangar. Om vi kunne ha vore foruten dei to første og 30 sekundane (og frå 3:20 til 4:20), så kunne det til og med vore ein OK Opeth sang. Seks minutter inn er då sangen overbeviser og lyser med inspirasjon. Dette er kva eg ville ha! Men det er for lite og for seint. 
Ein hadde håpt at den siste sangen, “Faith in Others”, skulle bli eit forsøk på å avslutte med ein smell og kanskje endeleg komme med ein minneverdig sang, men så klart ikkje. Sangen er kjempe roleg, der første halvdel er kjempe kjedeleg. Ved andre halvdel så kommer det eit ganske minneverdig gitarriff og synging frå Mikael. Det er slik sangen avsluttar også. Ein heilt OK sang, men ganske kjedeleg. 
Konklusjon:
Det var alle sangane. “Pale Communion” er eit utruleg kjedeleg album som ikkje verkar inspirert i det heile tatt, noko som er rart når dei bestemte seg for å prøve seg på ein slik sound. Absolutt alle sangane er gjort betre tidlegare av bandet og ein kan like gjerne berre gå tilbake til “Heritage” om ein vil ha noko som liknar, men er betre på alle moglege måtar. Eigentleg så kan ein berre høyre igjennom kva for helst anna album av Opeth, fordi “Pale Communion” er utan tvil det svakaste dei har kommet ut med til no.
+ Eternal Rains Will Come og Cusp Of Eternity er OK sangar. Mikael er framleis ein utmerket sangar. Fragmentar av Opeth brilianse her og der.
– Alle sangane er kjedelege, der nokon er nesten til å sovne av. Tar aldri av. Ingen særleg minneverdige sangar. Elendige sangtitlar.
Forventet mykje betre av bandet som blir sett på som eit av dei beste innan progressiv metall.
Terningkast 2Det kan skje nokon gangar, der ditt favoritt band skuffar

Mange vil ikkje innrømme det og nokon vil kanskje fornekte det når det skjer, men nokon gangar vil eit band du likar veldig godt skuffe deg med sin nyaste utgivelse. Dette var tilfellet for meg med Opeth’s “Pale Communion”, deira 11. album. Opeth for meg har vore eit band som ikkje kunne gjere noko gale, men med ein gang eg høyrte igjennom sangane på albumet, så kjente eg meg veldig lite tilfreds. Kva har skjedd her?

“Heritage”, Opeth’s førre album splitta fanskaren deiras i to. Det var mange som ikkje likte den meir 70 talls-prog-rock vegen dei valte å ta, men det var også ein del som likte at dei prøvde noko så nytt. Eg var ein av dei som likte “Heritage”, fordi det var spesielt, minneverdig og hadde ein “skandinavisk” kjensle i lyden. Mikael Åkerfeldt, som er front-personen og vokalisten i Opeth, sa i eit intervju at deiras nyaste tok til seg litt av kritikken av “Heritage” som ba om meir melodi og meir minneverdige gitar-riffs. Etter å ha høyrt igjennom albumet, så skjønnar eg ærleg talt ikkje kva han snakkar om. Dei skifta sin sound med “Heritage” på grunn av at Mikael blei inspirert og har fortsatt med det på “Pale Communion”. Kvifor verkar “Pale Communion” ut som det mest uinspirerte Opeth albumet til nå då?

Coveret til “Pale Communion” er like stygt som sangane den representerer

Ein gjennomgang av sangane:

Vi startar albumet med “Eternal Rains Will Come”, og den startar lovande. Instrumentalen er ganske kul og når det rolege augneblinket startar, så får vi ein veldig sterk Opeth kjensle. “Eternal Rains Will Come” er eit av albumets sterkaste og kan til tider vere veldig behagelig og vakker å høyre på. Men når ein begynner å samanlikne med andre tidlegare rolege Opeth sangar, så er det mange ein kan velje over denne som er langt meir underholdande og har same stemning. Dette er ein av dei få gangane ein verkeleg kjennar at dette er faktisk Opeth, berre ikkje like klassisk.

“Cusp of Eternity” er ein av sangane som har vore utgitt som singel før lansering av albumet. Denne sangen er den mest underholdande av dei alle fordi den har energi, men den målar seg ikkje med nokon av sangane frå “Heritage”. Det er her Mikael visar mest til sin fantastiske stemme. Men denne sangen er ikkje noko Opeth har allereie gjort langt betre før. 

Så har vi “Moon Above, Sun Below”. Dette er albumets lengste sang, med nesten 11 minuttar. Dei to første minuttane er dørgande kjedeleg og direkte stygt å høyre på, men så avtar det og blir betre. Resten av sangen drar sterke inflytelsar frå “Heritage” og “Damnation”, men kjedsomheten fortsetter utover heile sangen. Er ikkje verdt ein lytt.

“Elysian Woes” er også ein kombinasjon av “Heritage” og “Damnation”, men igjen, så har Opeth gjort langt betre. Den er ikkje minneverdig og går i glemmeboka med ein gang sangen er ferdig. Sangen som kommer etterpå heiter “Goblin” og d-… Vent? “Goblin”?! Seriøst. Alle sangtitlane til “Pale Communion” høres ut som eit soundtrack til eit “Elder Scrolls”-spel! Uansett, denne sangen har det mest interessante gitarspelet hittil i albumet. Men den tar aldri nok av til å bli interessant. Eigentleg så gjelder dette alle sangane. Opeth pleiar ofte å ta det heilt ut og gå heilt amok i sine sangar, og det skapte dei mest intense og kule augneblinka i sangane. “Goblin” høres ærleg talt ut ventemusikk.

“Voice of Treason” er eit av albumets betre sangar. Om vi kunne ha vore foruten dei to første og 30 sekundane (og frå 3:20 til 4:20), så kunne det til og med vore ein OK Opeth sang. Seks minutter inn er då sangen overbeviser og lyser med inspirasjon. Dette er kva eg ville ha! Men det er for lite og for seint. 

Ein hadde håpt at den siste sangen, “Faith in Others”, skulle bli eit forsøk på å avslutte med ein smell og kanskje endeleg komme med ein minneverdig sang, men så klart ikkje. Sangen er kjempe roleg, der første halvdel er kjempe kjedeleg. Ved andre halvdel så kommer det eit ganske minneverdig gitarriff og synging frå Mikael. Det er slik sangen avsluttar også. Ein heilt OK sang, men er ganske kjedeleg. 

Konklusjon:

Det var alle sangane. “Pale Communion” er eit utruleg kjedeleg album som ikkje verkar inspirert i det heile tatt, noko som er rart når dei bestemte seg for å prøve seg på ein slik sound. Absolutt alle sangane er gjort betre tidlegare av bandet og ein kan like gjerne berre gå tilbake til “Heritage” om ein vil ha noko som liknar, men er betre på alle moglege måtar. Eigentleg så kan ein berre høyre igjennom kva for helst anna album av Opeth, fordi “Pale Communion” er utan tvil det svakaste dei har kommet ut med til no.

+ Eternal Rains Will Come og Cusp Of Eternity er OK sangar. Mikael er framleis ein utmerket sangar. Fragmentar av Opeth brilianse her og der.

– Alle sangane er kjedelege, der nokon er nesten til å sovne av. Tar aldri av. Ingen særleg minneverdige sangar. Elendige sangtitlar.

Forventet mykje betre av bandet som blir sett på som eit av dei beste innan progressiv metall.

Terningkast:


About Spill.no

Spill.no ble stiftet i 2009 og har siden oppstarten utviklet seg til å bli Norges største uavhengige spillnettside. På Spill.no kan du lese spillnyheter, anmeldelser og mer om spill til Playstation, Xbox, Nintendo, PC, mobil og andre plattformer.